Næringslivsportalen Nett.no:

Får ikkje pressestøtte

Ansvarleg redaktør Kjetil Haanes i Nett.no.  Foto: Magnus Myklebust/Nett.no.

Næringsliv

(NPK): Næringslivsavisa Nett.no søkte for første gong om pressestøtte, men får ingenting.

– Vurderinga vår er at Nett.no ikkje fyller krava til formål og innhald. Analysane av innhaldet i publikasjonen viser at avisa har for låg del kommentar- og debattstoff, og med eit innhald som nesten berre består av næringslivsstoff har publikasjonen heller ikkje tilstrekkeleg tematisk breidde, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet i ei pressemelding.

Redaktør Kjetil Haanes i Nett.no er skuffa over avgjerda.

– Dette var både overraskande og enormt skuffande. Sjølv meiner vi at vi oppfyller dei vesentlege kriteria til å få produksjonstilskot. Eg ser at det i avslaget blir lagt vekt på at vi har lite debatt- og kommentarstoff, men mykje av debatten og kommentarane har vi på Facebook og på andre sosiale media, utan at dette er tatt omsyn til, seier Haanes til Nynorsk pressekontor.

Heller ikkje Dagbladet Pluss får støtte.

Produksjonstilskotet er den største av dei direkte mediestøtteordningane, og er eitt av verkemidla staten har for å fremje mediemangfald. Formålet med ordninga er å legge til rette for den breie samfunnsdebatten.