Dei 25 største formuane på Søre Sunnmøre - pluss formuetoppen i kvar av dei sju kommunane:

Familiane Sævik og Ulstein på topp

Njål Sævik hadde i 2018 den største formuen blant innbyggjarane på Søre Sunnmøre - over 667 millionar kroner. Han er til dagleg administrerande direktør i Havila Shipping.  Foto: Arkiv/Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Ikkje uventa er det tre representantar frå den Herøy-baserte Sævik-familien som har dei tre største formuane om ein ser på dei sju kommunane på Søre Sunnmøre under eitt. Brørne Njål og Vegard Sævik har formuar på høvesvis 667.748.520 millionar kroner og 659.670.050 millionar kroner - men det er søstera Hege Sævik Rabben som tronar øvst. Ho hadde i 2018 ein formue på 678.460.010 kroner.