Reagerer sterkt på forslaga om å kutte i VGS-tilboda og auke ferjeprisane:

- Næringsfiendtlege forslag

Daniel Garden, dagleg leiar i Ulstein Næringsforum, meiner forslaga frå fylkesrådmannen er næringsfiendtlege.  Foto: Arkiv/Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Daniel Garden, dagleg leiar i Ulstein Næringsforum, tek i ei pressemelding bladet frå munnen og kallar forslaga i fylkesrådmannen sin økonomiplan, om å avvikle tilbodet kring yrkes- og studiekompetanse (YSK/TAF) i vidaregåande skule - i tillegg til å auke ferjetakstane, for næringsfiendtlege.

Når det gjeld forslaget om å auke ferjetakstane, som i sambandet Hareid - Sulesund, ytterlegare - meiner Garden at fylkesrådmannen ikkje gjer det rette for fylket.

- Fjordane er å rekne som barrierar i dagens bu- og arbeidsmarknadsregion. Fylkeskommunen nyttar årleg store midlar på næringsutvikling, men å auke barrierane for varetransport, skulependling, bu- og arbeidskøyring, er ikkje i samsvar med fylket sine øvrige aktivitetar innan regions- og næringsutvikling, seier Garden.

Han fortel mellom anna at næringslivet i Ulstein er avhengig av tilsette som bur andre stader - og at det dagleg pendlar over 300 personar mellom Ulstein og Ålesund.

- For å tiltrekke oss kompetanse, må barrierar som ferjer og takstar byggjast ned, ikkje opp. Det er også viktig å kunne bu i Ulstein og arbeide på Ålesund-sida. Vi skal heller ikkje gøyme pendlarar frå Sande og Vanylven som óg får auka sine takstar ved innpendling til Ulstein.

- Ved å avgrense dynamikken i arbeidsmarknaden, vil ein også avgrense moglegheitene for at regionane i heile fylket får utvikle seg, meiner Garden.

- Nokre av medlemene våre kallar ferjetakstar for bompengar, og slik må ein nesten sjå på det, legg han til.

Autopass vil ikkje hjelpe næringslivet

Garden fortel at sjølv om autopassordninga skal leggjast om slik at passasjerar reiser gratis, vil ikkje dette hjelpe næringslivet. Både dei som tek buss, reiser med hurtigbåt og som køyrer eigen bil vil ikkje dra nytte av dette. Buss-/hurtigbåtpassasjerar får også høgare takst, og dei som køyrer eigen bil er som regel åleine i bilen.

- I tillegg må vi hugse all møte- og salsverksemda som skjer ulike stader i regionen, og ikkje minst vare- og godstransporten. Fylket bør i større grad unngå å legge barrierar for næringslivet på denne måten, seier Garden.

Likar ikkje at TAF kan forsvinne

Vraking av TAF-ordninga ved Ulstein vidaregåande skule fell ikkje i god jord hos verksemdene i Ulstein, fortel Garden.

- Dette er flinke og motiverte elevar som industrien ønskjer særs velkomne, har ein representant frå industrien uttalt. Ei anna bedrift seier; «Vi registrerer at det er snakk om kutt i midlar til estetiske fag. Dette er viktige fag for framtida og som er lite utsette for robotisering, automatisering,kunstig intelligens med meir. Design, kreativitet og nytenking er viktig i omstillingane samfunnet vårt går gjennom.»

- Vi er glade for at Møre og Romsdal fylkeskommune er framoverlente i næringsutviklingsarbeidet. Dei nyttarr store ressursar på å byggje eit sterkt næringsliv og robuste regionar for framtida, men då vert det ekstra uforståeleg at slike kutt kjem, seier leiaren for Næringsforumet i Ulstein avslutningsvis.