No blir det aktivitet igjen i butikklokala i Sjøgata 71 – Dimmen Malarservice flyttar inn:

Startar målarforretning

Kenneth Dimmen har drive med måling, fliser og golvbelegg i vel 30 år – og fekk nyleg eit tilbod han ikkje kunne takke nei til. Dermed opnar ein ny faghandel i Ulsteinvik over nyttår.

Gler seg: Kenneth Dimmen står her i dei nymåla lokala i Sjøgata, der målarforretninga Flügger Farve Ulsteinvik opnar dørene i januar. I tillegg kjem verksemda til å tilby handverkstenester. Alle foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. 

Eg trur det vil vere ekstra verdifullt for kundane å vite at vi også har den praktiske erfaringa med produkta vi skal selje

Kenneth Dimmen, dagleg leiar i Dimmen Malarservice
Næringsliv

I januar opnar Dimmen Malarservice AS ein ny faghandel i Sjøgata, Flügger Farve Ulsteinvik, i lokala som i årevis husa Hatløy’s Målarforretning – og seinast Ulsteinvik-avdelinga til Kuling.