Tilsette i Fjord1 blir omplasserte

Næringsliv

Om lag 40 tilsette på ferjene til Fjord1 i Møre og Romsdal har fått beskjed om at dei skal omplasserast frå nyttår. Enkelte kan bli nøydde til å flytte til andre fylke.

– Det er ein tung beskjed å få før jul, seier hovudtillitsvalt i Norsk Sjømannsforbund, Terje Hals, til NRK.

Bakgrunnen for omplasseringane er nye anbod der det er lagt opp til lågare bemanning etter innføringa av Autopass.

Hals meiner usikkerheita rundt innføringa av den nye billetteringsordninga kan skape ein problematisk situasjon.