Havila krev 400 millionar kroner av spansk verft

Havila krev tilbakebetaling av 400 millionar kroner etter at det spanske verftet Barreras kansellerte ordren på to kystruteskip.:   Foto: Halvard Alvik, NTB scanpix

Næringsliv

Det spanske verftet Barreras har kansellert ordren til det norske reiarlaget Havila på to kystruteskip. No krev reiarlaget 400 millionar kroner betalt tilbake.

Havila meiner kanselleringa er «urettmessig» og vil no krevje tilbake 400 millionar kroner frå det spanske verftet, ifølgje Skipsrevyen.

– Vi har protestert på termineringa av kontrakten og vil krevje eigenkapitalen på 400 millionar kroner betalt tilbake, seier administrerande direktør Per Sævik i Havila.

Sidan august har arbeidd ved det spanske verftet stått heilt stille, ifølgje Sysla. Verftet har store økonomiske problem, og 1.300 tilsette har vore permitterte sidan august.

Dei to skipa skulle konkurrere med Hurtigruten og gå mellom Bergen og Kirkenes. Etter planen skal reiarlaget Havila setje inn fire skip på ruta. To av skipa blir bygde på eit verft i Tyrkia, medan to skulle byggjast ved verftet Barreras i Spania.

No ser Havila etter alternative verft som kan bygge skipa. Arbeidet med dei to skipa som blir bygde i Tyrkia, går etter planen, ifølgje Havila.

Barreras ønsker ikkje å uttale seg før saka er løyst, ifølgje Sysla