Åtte trafikkdødsfall i november

Åtte personar omkom i trafikkulykker i november. Dei elleve første månadene av året har 96 personar mista livet i trafikken.   Foto: Illustrasjonsfoto/Vegard Wivestad Grøtt/NTB Scanpix/NPK.

Næringsliv

Åtte personar omkom i trafikken i november. Totalt 96 har mista livet i trafikken sidan årsskiftet.

På same tid i fjor hadde 102 mista livet i trafikkulykker.

Av dei åtte i november var seks bilistar og to fotgjengarar. Fem av dei var menn og tre av dei kvinner.

Til saman har ni fotgjengarar mista livet i trafikken i 2019. Trygg Trafikk åtvarar om at vintermørket og vêret skaper krevjande køyreforhold og ber både bilistar og fotgjengarar utvise varsemd.

– Vi har alle eit ansvar for å gjere vårt for å bidra til at ingen mistar livet i trafikken. Desember kan by på krevjande og vekslande køyreforhold og travle tider. Avpass farten til sikt og føre. Ta det med ro i julestria og hugs refleksen, seier Trygg Trafikk-direktør Jan Johansen.

Eit lyspunkt er at ingen under 16 år har omkomme i trafikken så langt i 2019.

– Viss det held slik også fram i desember, vil vi for første gong oppleve eit heilt år utan barn som døyr i trafikken. Det vil vere heilt fantastisk, og i tråd med eitt av delmåla i Nasjonal Tiltaksplan for Trafikksikkerheit seier Johansen.