Geir Johan Bakke i Havyard Group:

Går av som konsernsjef

Geir Johan Bakke (bildet) går av som administrerande direktør i Havyard Group. Gunnar Larsen er konstituert administrerande direktør. 

Næringsliv

Geir Johan Bakke har vore administrerande direktør og seinare konsernsjef i Havyard sidan 2004. No er han og styret i Havyard Group einige om å avslutte arbeidsforholdet. Det skriv Havyard Group i ei pressemelding måndag.

Bakke har vore med på å utvikle selskapet frå eit frittståande verft til eit integrert skipsbyggingskonsern - med design, verft og utstyrsproduksjon - nesten 600 fast tilsette og ei ordrebok på over 4,3 milliardar kroner.

Styret i Havyard Group har samstundes blitt einige om å konstituere Gunnar Larsen i rolla som administrerande direktør - og arbeidet med å få på plass ein ny, permanent konsernsjef, er sett i gang.