MS Fridtjof Nansen får gode skotsmål - skal i drift tidlegare enn planlagt

MS Fridtjof Nansen på prøvetur på Storfjorden. Hundeidvika i bakgrunnen.  Foto: Hurtigruten.

MS Fridtjof Nansen på prøvetur.  Foto: Hurtigruten.

Næringsliv

- Framdrifta på prøveturen vart så god at vi kunne returnere om lag eit døgn før planlagt tidsskjema, noko vi er veldig nøgde med. Det vart gjort ein kjempeinnsats i forkant av prøveturen med klargjering, rydding og sjøsikring. Resultata frå prøveturen er veldig gode, seier prosjektleiar Asbjørn Vattøy ved Kleven Verft, i ei pressemelding frå Kleven Verft.


Prøveturen er ein viktig og nødvendig del av innspurten fram mot den planlagde leveringa av skipet, skriv Kleven i meldinga.

- Vi har eit veldig godt samarbeid med underleverandørane, noko som mellom anna gjorde at vi hadde ei god framdrift i arbeidet om bord på skipet også medan vi var ute på prøvetur, seier Vattøy.

MS Fridtjof Nansen og søsterskipet MS Roald Amundsen blir rekna for å vere verdas mest avanserte og miljøvennlege ekspedisjonscruiseskip.



Tidlegare i drift enn planlagt

MS Fridtjof Nansen si jomfrureise frå Hamburg var opphavleg planlagt til 1. april 2020.

Men i og med at Hurtigruten får skipet levert mot slutten av 2019 i staden, har dei bestemt seg for å legge til ei rekkje nye ekspedisjonscruise for det splitter nye skipet før dette. 

- Det har gått utruleg bra i haust. Sjølv gjennom ei krevjande og usikker tid ved verftet har vi klart å omstille oss på ein meget god måte. Det viser at dei tilsette har stor lojalitet til verftet og alle har stått på og gjort ein enorm innsats, seier Kjetil Bollestad, administrerande direktør ved Kleven Verft.

Eksklusive turar

Dei første eksklusive turane går frå London 7. mars, Liverpool 12. mars og Portsmouth 17. mars.

Seglingane, som er sett til å vare i fem netter alle tre, vil gå til handplukka destinasjonar rundt dei britiske øyene, som Isles of Scilly, Fowey, Isle of Man og Darthmouth. Det skriv Hurtigruten på sine nettsider.

Oslo får også besøk av Fridtjof Nansen - då ein firedagarstur med ei spektakulær passering under Tower Bridge i London i starten tek gjestane ned gjennom Kielkanalen, innom Aalborg i Danmark - før skipet kjem til Oslo. Skipet skal ligge ved kai i Oslo fredag 27. og laurdag 28. mars - opplyser Hurtigruten.


Fleire nasjonale og internasjonale aktørar er interesserte i Kleven Verft – som snart har klart rekneskapen for 2018:

- Vi blir sett på som mykje meir attraktive no



2018-resultatet for Kleven er klart:

338 millionar i minus på drifta



Ekspedisjonsskipet Kleven Verft byggjer for Hurtigruten:

MS Fridtjof Nansen på prøvetur



Kleven Verft er allereie i gang med å bygge om lekteren som heva KNM «Helge Ingstad». Vi blei med om bord:

– Det er godt å vite at vi har godt med arbeid i nokre månadar framover



God pris og lågare risiko gav Kleven Verft oppdraget:

– Det var heilt naturleg for meg å høyre med Kleven også