Butikken på Blåhuset blei berga – no blir Notabene pussa opp før nyopning neste veke:

- Veldig letta over at vi fekk halde fram

Det seier ein letta butikksjef ved Notabene på Blåhuset, Marianne Brandal Haugen, til lokalavisa.

Harald Allen Enersen, som har det daglege ansvaret for dei attverande Notabene-butikkane, hjelpte mellom anna til med å lage salsplakatar til oppussingssalet ved Notabene Ulsteinvik.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Det luktar friskt av nymåla, fargerike veggar i butikklokalet i førsteetasjen på Blåhuset, og metervis på metervis med nye hyller og varer skal på plass før Notabene skal ha nyopning torsdag i neste veke. Leikeavdelinga skal oppgraderast, og ein går no over frå å kalle butikken for ein bokbutikk – til at det skal vere ein leike- og bokbutikk.