Prodtex og Blu har framleis sjansen til å vinne 1 million Næringsteft-kroner

Sigbjørn Nordstrand i Prodtex og Birgitte Lovise Urke i Blu er godt nøgde med at deira verksemder er vidare til semifinalen i Næringsteft 2020.  Foto: Tone Molnes/Næringsteft.

Næringsliv

To lokale gründerverksemder frå Ulsteinvik er vidare til semifinalen i Sparebanken Møre sin stipendkonkurranse Næringsteft - som er for gründerar i ein tidleg fase.

Dette er verksemdene Prodtex og Blu - som høvesvis jobbar med å skape ein digital tvilling for automatisering av produksjon og lyddempande mosedekor. Det går fram av ei pressemelding.

Semifinalistane får ein premie kvar på 50.000 kroner frå Sparebanken Møre, mentorhjelp frå partnarane i Næringsteft og tre månaders gratis inkubatoplass hos ein valfri kunnskapspark. Dessutan er semifinalistane vidare i konkurransen, der vinnaren av finalen får heile 1 million kroner.

Finale i mars

Dei faglege partnarane som samarbeider om Næringsteft er NTNU, Advokatfirmaet SANDS, Converto, PIR invest, MRB, VEST studio, Racer, samt kunnskapsparkene ÅKP, Vindel og ProtoMore.

Det var i 2020-konkurransen påmeldt totalt 90 gründerar frå heile fylket. Det vil etter kvart bli klart kven av semifinalistane som kjem til den store finalen. Finalen går av stabelen under Sparebanken Møre sitt arrangement "Børs og Bacalao" 11. mars.




Her kan du sjå video av den digitale tvillingen til fabrikken:

Slik ser Prodtex AS føre seg å effektivisere bygginga av Ferjefri E39