Kleven får arbeid for Havyard

Kleven Verft skal ferdigstille ein PSV for det kanadiske reiarlaget Atlantic Towing.  

Næringsliv

I ei pressemelding frå Havyard går det fram at Kleven Verft vil ta over ferdigstillinga av ein PSV til det kanadiske reiarlaget Atlantic Towing. Dette på bakgrunn av at Havyard har behov for å ta ned belastninga på sitt anlegg i Leirvik.

"For å sikre ferdigstilling av pågåande prosjekt utan vesentlege forseinkingar, er det bestemt at ferdigstilling av bygg 126, som skal leverast til det kanadiske reiarlaget Atlantic Towing, setjast bort til Kleven som ein underleverandør til verftet i Leirvik", skriv Havyard i pressemeldinga.

Havyard skriv at dei har vore i dialog med ulike verft, men at ein no har fått forhandla fram ein avtale med Kleven.

"Det er ein todelt avtale, og den første delen med planlegging og forprosjektet er i gang. Endeleg kontrakt vil blir avklart om nokre veker og er forbeholdt tilfredsstillande byggelånsfinansiering", skriv Havyard.

– Dette er eit viktig oppdrag for oss. Det gjer at vi får utnytta kapasiteten ved verftet på ein god måte. PSV er eit produkt dei tilsette ved Kleven har høg kompetanse på, og vi ser fram til å jobbe med eit offshoreskip igjen. Prosessen saman med sentrale medarbeidarar i Havyard-systemet har vore gjennomgåande positiv og prega av gjensidig tillit. Vi ser fram til eit vidare godt samarbeid med Havyard, seier administrerande direktør Kjetil Bollestad i Kleven Verft i ei pressemelding frå verftet.

Arbeidet med PSVen skal ta til i februar. Levering er planlagt til sommaren 2020.