Oppnådde tidenes beste resultat

2019: Stig Brautaset, administrerande direktør i Sparebank1 Søre Sunnmøre, kan glede seg over eit historisk godt resultat.  Foto: Marius Beck Dahle

Næringsliv

SpareBank 1 Søre Sunnmøre melder om gode resultat for 2019. Dei førebelse rekneskapstala for 2019 syner eit ordinært resultat før skatt på 176,9 millionar kroner. I 2018 var resultatet 112,1 millionar kroner. Eigenkapitalavkastninga har gått opp frå 8 prosent til 12,7 prosent, melder SpareBank 1 Søre Sunnmøre i ei pressemelding.

Her vert det sagt at styret i banken foreslår å sette av 15 millionar kroner til ulike tiltak i regionen.

- Vi har lagt bak oss eit historisk godt år. Det som kjenneteiknar 2019-rekneskapen er at banken tek marknadsandelar, har høge inntekter på finansielle investeringar og har god underliggande drift. Dette kjem både kundane, eigenkapitalbeviseigarane og samfunnet til gode, seier administrerande direktør i SpareBank 1 Søre Sunnmøre, Stig Brautaset.

I følgje pressemeldinga har banken har hatt ein utlånsvekst på 9,8 prosent dei siste 12 månadane, fordelt på 9,6 prosent på personmarknaden, og 10,7 prosent på bedriftsmarknaden.

- På personmarknaden veks vi det dobbelte av marknaden. Dette er ei klar stadfesting på at vi er attraktive, konkurransedyktige og tilbyr høg kvalitet i rådgjevinga vår. Også bedriftsmarknaden har hatt ei positiv utvikling heile året, seier Stig Brautaset.