Tyrkisk verft skal også bygge skip tre og fire for Havila Kystruten

Havila Kystruten skal frå 2021 segle den klassiske sjøreisa mellom Bergen og Kirkenes med fire skip. Dei nye skipa vert dei mest miljøvenlege passasjerskipa langs norskekysten.  Foto: Havila Kystruten.

Næringsliv

Havila Kystruten har nyleg signert kontrakt med det tyrkiske verftet Tersan om bygging av dei to siste kystruteskipa. Byggestart er sett til å finne stad i løpet av få veker. Det skriv Havila Kystruten i ei pressemelding torsdag.

Havila Kystruten skal frå 2021 segle den klassiske sjøreisa mellom Bergen og Kirkenes med fire skip. På grunn av økonomiske problem ved det spanske verftet Barreras stoppa bygginga av dei to skipa der opp.

Dei to andre skipa er under bygging ved Tersan i Tyrkia, og det er også det verftet som no får kontrakt på å bygge skip tre og fire. Byggestart er i løpet av få veker og planlagt levering er i slutten av 2021.

Framleis uavklart situasjon

Havila Kystruten har trass i den uavklarte situasjonen med det spanske verftet Barreras kapital og lånetilsagn som gjer at alle dei fire skipa på Tersan er fullfinansierte. Administrerande direktør i Havila Kystruten, Arild Myrvoll, seier dei økonomiske problema til Barreras og byggestansen ved det spanske verftet har påført Havila Kystruten fleire utfordringar som vil påvirke drifta i første fase.

- Vi får ferdige to nye skip som skal gå frå januar 2021 og som vil gi passasjerane våre den mest miljøvenlege seglasen langs norskekysten. I påvente av dei to neste skipa vil vi måtte bruke erstatningsfartøy, men uansett skip skal vi gi god og trygg transport og innfri det som er forventa av oss, seier Arild Myrvoll.

Havila Kystruten fortel gjennom pressemeldinga at dei også har fleire konkrete kandidatar til erstatningsfartøy som dei har inspisert.

- Vi ventar at ei avklaring kjem om ikkje så lenge, men vi vil bruke den tid som er nødvendig, for å sikre at vi kan levere dei beste løysingane til både dei reisande og mannskapet. Det er viktig og noko vi legg vekt på sjølv om erstatningsfartøya skal brukast berre for ein avgrensa periode, seier Myrvoll.