Frøy Vest overtok nybygg - skreiv kontrakt på nok eit spesialfartøy

Slik ser Frøy Vest AS sitt nye spesialfartøy ut.   Foto: Kjell Stian Brunes - Brunes Foto.

Næringsliv

Servicebåt og dykkarselskapet Frøy Vest AS, med kontor på Borgstein i Ulsteinvik, tok denne veka over spesialfartøyet «Frøygard» frå Hukkelberg Boats - av designtypen HB 1411 LDC.

Frøy Vest forsterkar dermed sin kapasitet innanfor dykkar- og ROV-tenester. Samstundes pågår bygginga av neste båt til Frøy Vest AS for fullt ved verftet på Aukra.

Det går fram av ei pressemelding frå Frøy Vest AS fredag.

- Frøy Vest AS ønskjer som leiande servicebåt- og dykkarselskap å vere kjend i marknaden for å levere tenester til våre kundar på ein sikker og effektiv måte. For å kunne gjere det treng vi godt utstyr, og «Frøygard» blir no eit viktig verktøy framover for å oppfylle forventinga våre kundar har til tenestene vi utfører, seier dagleg leiar i Frøy Vest AS, Joar Gjerde.

Han legg til:

- Hukkelberg har tidlegare vist at dei har spisskompetanse på denne typen fartøy og er kjende for å byggje robuste arbeidsbåtar med gode sjøeigenskapar. Den kvaliteten dei no har levert på «Frøygard» gjorde at det blei naturlig å velje Hukkelberg som leverandør på neste båt også.

Båten er utstyrt med eit fullintegrert dykkesystem frå Safe Air Diving, ROV frå Argus og har elles alt utstyr som trengst for å utføre det meste av inspeksjons-, service- og vedlikehaldsarbeid under vatn.

Frå overleveringa: Frå venstre ser ein Tormod Hukkelberg dagleg leiar i Brödr. Hukkelberg, Joar Gjerde, dagleg leiar i Frøy Vest AS, Tore Hukkelberg assisterande dagleg leiar i Brödr. Hukkelberg og Thomas Breivik, salssjef i Hukkelberg Boats.   Foto: John Sindre Kragset/Frøy Vest AS.