Ulstein-ordføraren fekk e-post med skuldingar retta mot den nye Kleven-eigaren:

- Eg blei uroa først – no ser det meir ut som ein svertekampanje

Knut Erik Engh (Frp), ordførar i Ulstein kommune.  Foto: Arkiv/Ingvild Aursøy Måseide.

Næringsliv

Ordførar Knut Erik Engh (Frp) var blant dei som fekk e-post frå EU-parlamentarikaren Ivan Vilibor Sincic, der sistnemnde kjem med skuldingar retta mot den nye Kleven Verft-eigaren.