Sysselsettinga i maritim næring aukar

Etter eit botnår i 2017 som følgje av oljekrisa, er sysselsettinga i maritim næring no i vekst.

Det uferdige supplyskipet som Kleven Verft skal ferdigstille og utruste på oppdrag for Havyard, ligg no fortøydd ved verftet. Dette bildet blei tatt måndag denne veka.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

– I dag har næringa 86.000 tilsette, og vi estimerer at sysselsettinga når rundt 90.000 tilsette i 2021, seier Ivan Engan, dagleg leiar i interesseorganisasjonen Maritimt Forum, til Sysla.no.

Stillingsutlysingane for maritim næring var det som auka mest blant jobbannonsane på Finn.no i 2019. Talet på annonsar auka med 51 prosent, ifølgje jobbrapporten til nettstaden Finn.no. I 2019 auka òg verdiskapinga i den norske maritime næringa med om lag sju prosent, og ho er venta å stige nye sju prosent i 2020.


Skal ferdigstille PSV på oppdrag frå Havyard:

No ligg det uferdige skipet klart til utrusting ved Kleven Verft


Etter maritim næring, kjem jobbannonsar innan kraft og energi, følgt av jobbutlysingar innan olje og gass.

– Tala frå 2019 viser at vi framleis har ein råvaredriven økonomi, der store bransjar som olje, gass, verftsindustri og sjømat held fram med å vekse, seier Christopher Ringvold, jobbanalytikar for Finn jobb, til Sysla.

Så langt i år har Solstad Offshore i januar meldt at dei vil tilsetje 50 norske sjømenn og ta skip ut av opplag. Førre veke vart det kjent at Kleven landa ein nybyggingskontrakt på eit supplyskip.

Reiarlaga søker etter ny kompetanse og fagfolk med erfaring. I 2015 mangla det 500 opplæringsplassar til sjøs for ungdom, medan næringa i år reknar med å mangle om lag 100 lærlingar, ifølgje Maritimt opplæringskontor.