Den nye eigaren om Kleven Verft: - Vi er her fordi vi tenkjer langsiktig

DIV Group-eigar Tomislav Debeljak tek her administrerande direktør ved Kleven Verft, Kjetil Bollestad, i handa. Mellom dei to står Zoran Kunkera, business-manageren til Debeljak - og til høgre står finansdirektør i Kleven Verft, Ola Beinnes Fosse.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Fredag kom kroatiske Tomislav Debeljak, som er administrerande direktør og eigar av DIV Group, til Kleven Verft for å ta det han har nytta mykje pengar på å sikre seg, i nærare augesyn.