Måtte stengje og permittere både dei tilsette og seg sjølv: - Aldri opplevd liknande på mine 40 år i bransjen

John Åge Sundal har drive Føhnix dame- og herrefrisør sidan 1983. Den situasjonen han og dei tilsette opplever no, har dei ikkje vore borti før.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

John Åge Sundal har på sine 40 år i frisørbransjen ikkje vore permittert éin einaste gong. Ikkje før han måtte permittere seg sjølv. Vikebladet Vestposten møtte Sundal i frisørsalongen hans på Sjøsida i Ulsteinvik fredag.