Ny prosjektleiar i Ulstein Næringsforum

Anna Klara Måseide er tilsett som prosjektleiar i Ulstein Næringsforum. Foto: Ulstein Næringsforum.  

Næringsliv

Anna Klara Måseide er tilsett som prosjektleiar i Ulstein Næringsforum. I ei pressemelding frå Ulstein Næringsforum går det fram at Måseide tok til i stillinga 9. mars. I Ulstein Næringsforum skal ho leie eit prosjekt knytt til turisme og arrangement.



Ho kjem frå stillinga som prosjektleiar hos Samvalgssenteret ved Universitetssykehuset Nord-Norge, der ho dei siste fem åra har arbeidd med å implementere samval i helsetenesta ved å utvikle helseinformasjonstiltak som gir pasientar betre vilkår for å gjere val knytte til behandling i samarbeid med legen sin, går det fram i pressemeldinga.

Måseide er opphavleg frå Tromsø, men med familie og slekt på Sunnmøre.