ABB vann systemkontrakt på Japan sitt første vindturbininstallasjonsskip i megaklassen:

Prosjektet blir styrt frå Ulsteinvik

Spesialfartøyet får ei vekt på 28.000 bruttotonn, blir bygd av Japan Marine United Corp. for Shimizu Corp. og skal leverast i 2022. Det 142 meter lange skipet får verdas største løfte - og bærekapasitet for eit vindturbininstallasjonsfartøy.   Foto: Illustrasjon/Shimizu Corp.

Næringsliv

Den norske divisjonen til ABB skal levere avanserte kraft- og styringssystem til Japan sitt første sjølvhevande installasjonsfartøy for havvind – og Ulsteinvik-avdelinga sit i førarsetet. Det skriv ABB i ei pressemelding tysdag.

Det er marineverksemdene til ABB i Ulsteinvik og på Fornebu som skal styre prosjektet, der ABB leverer komplette og integrerte løysingar for automatisering, dynamisk posisjonering og kraft til Japans første jack-up havvindinstallasjonsfartøy. Skipet skal nyttast til å utvikle landet si forsyning av fornybar energi.

Spesialfartøyet får ei vekt på 28.000 bruttotonn, blir bygd av Japan Marine United Corp. for Shimizu Corp. og skal leverast i 2022. Det 142 meter lange skipet får verdas største løfte - og bærekapasitet for eit vindturbininstallasjonsfartøy. Ved hjelp av ei 2.500 tonns kran med ei maksimal løftehøgde på 158 meter, vil skipet kunne transportere og installere sju 8 megawatts- eller tre 12 megawatts-vindturbinar under ein enkelt seglas og operere i farvatn på mellom 10 og 65 meters djupne.

God kombinasjon

Med ABB sine løysingar på dette området oppnår ein at ein får ein kombinasjon av optimal bruk av kraftanlegget, samstundes som tryggleik og toleranse mot feil og forstyrringar i kraftsystemet oppretthaldast.

- ABB si omfattande erfaring med lukka ringløysingar for DP-baserte operasjonar for skip og vindmølleinstallasjonsfartøy spesielt, var ein avgjerande faktor for dette prosjektet, seier ein talsperson for Japan Marine United Corp.

ABB si kontrakt inkluderer også levering og systemintegrasjon av generatorar, høgspenttavler, frekvensomformarar og elektriske motorar til framdriftssystemet og baugpropellane, i tillegg til energistyringssystem (Power and Energy Management System/PEMS).

- Bærekraft sentralt

Sindre Sætre, som har kontorstad i Ulsteinvik, er også leiar for ABB si marineverksemd i Norge. Han meiner prosjektet ABB no har fått kontrakt på er eit strålande eksempel på utvikling.

- Dette er endå eit eksempel på at det grøne skiftet får stadig sterkare fotfeste globalt, seier Sætre.