Også Sparebanken Møre framskundar rentekutt

Sparebanken Møre si avdeling i Ulsteinvik.  Foto: Arkiv.

Næringsliv

I ei børsmelding sendt ut onsdag morgon går det fram at Sparebanken Møre framskundar dato for når rentekutta blir sett i verk - for å hjelpe kundane i ei utfordrande tid.

– Vi følgjer kundene våre tett i denne krevjande perioden, og erfarer at mange treng all den støtta dei kan få. Rentemarknaden er prega av stor usikkerheit som påvirkar kostnadane til bankane, men vi vil strekkje oss langt for å hjelpe kundane våre. Eitt av grepa er å framskunde datoen for tidlegare varsla rentekutt, seier Terje Krøvel, leiar for næringslivsdivisjonen i Sparebanken Møre.

Eksakt dato er ikkje klar, men kuttet vil trå i kraft i første halvdel av april. Sparebanken Møre kuttar rentene med inntil 0,85 prosentpoeng.

– Vi vil gjennomføre kuttet så snart det praktisk lét seg gjere, for å lette den økonomiske situasjonen for kundane våre. Saman med moglegheit for gebyrfri avdragsutsetting er dette effektive tiltak som gir rask effekt. Vi har over 200 kompetente rådgjevarar som er tilgjengelege og kan bidra med god økonomisk rådgjeving, noko som er ekstra viktig i vanskelege tider som dette, seier Elisabeth Blomvik, leiar for personmarknad-divisjonen i Sparebanken Møre.