Set ned rentene ytterlegare - mykje tidlegare enn først signalisert

Stig Brautaset, administrerande direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.  Foto: Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

Næringsliv

I ei pressemelding onsdag morgon melder Sparebank 1 Søre Sunnmøre at dei set ned rentene med inntil 0,85 prosentpoeng. Og - rentene blir gjeldande frå 5. april - ikkje 30. april som først varsla.

- Vi har dei siste dagane overvaka marknaden og sett korleis ting har utvikla seg i negativ retning . Stadig fleire blir permittert og mange er bekymra for økonomien sin. Vi har også i løpet av dei siste par dagane fått mange henvendingar frå fortvila kundar. Dette tek vi på alvor. Som lokal og ansvarleg bank ønsker vi å bidra i denne alvorlege situasjonen, og framskyndar difor dei nye satsane på våre utlån, seier Stig Brautaset, administrerande direktør i SpareBank 1 Søre Sunnmøre, og legg til:

- Samstundes held vi på dei gode innskotsvilkåra i to månadar.

Finanstilsynet har elles i brevs form bedt bankane om å vente med å betale ut utbytte.