Ber om krisepakke på 50 milliardar

Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest ber om ein krisepakke på 50 milliardar kroner for å sikre maritim næring.  

Næringsliv

Maritimt Forum meiner ein må få på plass ein krisepakke på 50 milliardar kroner for å hjelpe den maritime næringa. I ei pressemelding skriv Maritimt Forum at koronakrisa slo inn i det optimismen var på veg tilbake i næringa etter offshorekrisa i 2014.

– Dette ligg an til å bli ei krise utan sidestykke i moderne tid. Kritiske deler av den maritime klynga står i fare for falle. Koronapandemien kan bli meir krevjande for næringa enn både finanskrisa i 2009 og offshorekrisa til saman. Verft, utstyr, reiarlag, alle vil slite. 90 000 arbeidsplassar er i spel, seier dagleg leder i Maritimt Forum Nordvest, Arnfinn Ingjerd i pressemeldinga.

– No trenger vi å spele på lag med myndigheitene for å halde hjula i gang i den maritime klynga. Derfor har vi i dag sendt ein omfattande innspelspakke til regjering og Storting, ein pakke som vil koste nærmare 50 milliardar. Men det vil koste meir om maritim næring knekk ryggen, legg han til.

Maritimt Forum peikar på at den maritime næringa er landets største eksportnæring og at den har kompetanse og teknologi som verda treng for å hente ut både mat og rein energi frå havet. Dei peikar også på at maritim næring i Norge skaper verdiar for 150 milliardar kvart år og fordi den har arbeidsplassar langs hele kysten frå sør til nord, ikkje minst i Møre og Romsdal.

I pressemeldinga skriv Maritimt Forum Nordvest at dei har sendt ei tiltaksliste med 40 ulike tiltak innan 11 ulike område til regjering og stortinget.

– Vi ber staten om å velje mest mogleg norske løysingar i sine offentlege anbod. Når vi ber om fellesskapets hjelp i ei ekstremt vanskeleg tid, er det naturleg at tiltalene i størst mogleg grad kjem norske arbeidsplassar og verdiskaping til nytte, seier Ingjerd i pressemeldinga.

I pressemeldinga skriv Maritimt Forum at krisetiltaka må bidra til det grøne skiftet, sørge for at ein bevarer eksportnæringa og stimulerer offshorenæringa. Dei ber spesielt om at GIEK og Innovasjon Norge får auka rammer for å sikre finansieringa av den maritime næringa gjennom krisen.

– Vi er gode på å handtere kriser i dette landet. Myndigheiter, næringsliv og arbeidstakarar samarbeider om felles løysingar. Det såg vi under finanskrisa og offshorekrisa. No må vi igjen bruke verkemidla for det dei er verdt, seier Ingjerd.