Verdsrekord på Lyngnesvika

Næringsliv

Søndag sette den nyleg ombygde lekteren "Boabarge 33" verdsrekord ute på Lyngnesvika. Lekteren har blitt ombygd ved Kleven Verft og denne søndagen skulle ein teste å senke det som ifølgje Boa er den største del-senkbare lekteren av sitt slag.

"Boabarge 33" vart søndag senka ned slik at toppen på dekket låg 21 meter under havoverflata.   Foto: Jostein Innerdal/Boa Management


– Det var mange som gjekk langs sjøkanten og tok bilete av den store "skyskrapar-liknande strukturen" som sokk ned i sjøen med berre to meter igjen over vatnet. Alt dette skjedde rett framom alle innbyggjarane i Ulsteinvik, sidan det vart gjort midt ute på Lyngnesvika og var eit imponerande syn, fortel Josten Innerdal i Boa Management. Han legg til at det var mange som stoppa og ville vite kva som gjekk føre seg.

"Boabarge 33" vart søndag senka ned slik at toppen på dekket låg 21 meter under havoverflata.   Foto: Jostein Innerdal/Boa Management


Fartøyet vart senka ned til 29,6 meter under havoverflata, noko som betyr at hovuddekket var 21 meter under overflata. Innerdal fortel at dekket på lekteren er om lag 6500 kvadratmeter og nesten 1500 kvadratmeter større enn ei fotballbane.

"Boabarge 33" vart søndag senka ned slik at toppen på dekket låg 21 meter under havoverflata.   Foto: Jostein Innerdal/Boa Management

Testen søndag starta då lekteren la ut frå Kleven Verft i 6-tida. Om lag åtte og ein halv time seinare nådde ein maksdjupna og Innerdal fortel at ein gjennomførte alle testar på ein svært bra måte. Ein reknar med at lekteren er tilbake ved Kleven rundt 21:00 søndag kveld.

"Boabarge 33" vart søndag senka ned slik at toppen på dekket låg 21 meter under havoverflata.   Foto: Jostein Innerdal/Boa Management