Bles nytt liv i Snorrebuda – først med sushikonsept:

– Snorrebuda har mykje uforløyst potensial, og skal vere eit levande hus

Willy Solvang ønskjer gjennom Snorrebuda Mat og Vinhus å tilføre Ulsteinvik nye dimensjonar når det kjem til mat og drikke.

Kokk med mangslungen erfaring: Willy Solvang får leve ut ein draum når han no startar Snorrebuda Mat og Vinhus i hjartet av Ulsteinvik. I starten vil han satse på sushi – men også andre rettar frå det moderne asiatiske kjøkkenet.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Firebarnsfaren er opphavleg frå Kvamsøya i Sande kommune, men har i fleire år vore busett i Ulsteinvik. Willy er for dei fleste kjend som ein særs dyktig kokk, med fleire deltakingar i noregsmeisterskapen i kokkekunst bak seg. Han har mellom anna ein tredjeplass frå NM i 2000 – då han jobba som kokk på Bent Stiansen sin restaurant Statholdergaarden i Oslo.