Bli med om bord i Ramform Tethys – bygd i Japan, men fullspekka med lokalt utstyr:

- Strålande ambassadørar for lokale verksemder

Om bord i seismikkskipet Ramform Tethys er det tusenvis av komponentar som stammar frå den maritime klynga på Søre Sunnmøre. Og – kapteinen er frå Myrvåg.

Dronebilde av Ramform Tethys tatt tysdag morgon, like før skipet klappa til kai ved servicebasen til Ulmatec og Hareid Group på Raffelneset.  Foto: PGS.

Næringsliv

Ramform Tethys (ferdig i 2016) høyrer til Titan-klassen til PGS, saman med søsterskipa Ramform Titan (2013), Ramform Atlas (2014) og Ramform Hyperion (2017). Alle skipa er 104,2 meter lange og heile 70 meter breie – ei heilt spesiell skrogform.