Dobla omsetning frå 2018 til 2019:- Alt vi styrer med er eigenutvikla

Sertifiseringskrav for den europeiske skipsfarten har gitt Metizoft skikkeleg med vind i segla. Frå 2018 til 2019 auka herøyselskapet inntektene med hundre prosent.

Stolte: Metizoft-trio som har god grunn til å vere stolte av jobben som utviklingsavdelinga har fått utretta, og med å ha plassert Fosnavåg på den maritime globusen i digital samanheng. F.v. marknadssjef Øyvind Sundgodt, konsernleiar Gry Cecilie Sydhagen og dagleg leiar Jan Rune Dalsøren i Metizoft Enviro.   Foto: Jann Flatval/Vestlandsnytt.

Næringsliv

(Vestlandsnytt): Med reiseveska pakka og hjelmen under armen er Benedicte Reite Hansen klar for nok eit inspeksjonsoppdrag for Metzoft. Jobben går ut på å ta ulike materialprøver om bord i eitt av dei mange skipa som ligg under herøybedrifta sin portefølje.