Ulstein Verft har levert Windea Jules Verne

WIndea Jules Verne er levert frå Ulstein Verft til Bernhard Schulte Offshore GmbH.  Foto: CR Ulstein Group.

Næringsliv

Onsdag leverte Ulstein Verft serviceoperasjonsskipet Windea Jules Verne til Bernhard Schulte Offshore GmbH. Hybridskipet skal utføre service- og vedlikehaldsoppdrag for GE Renewable Energy på havvindfarmen Merkur Offshore. Det skriv Ulstein Group i ei pressemelding onsdag ettermiddag.

Havvindfarmen Merkur Offshore ligg utanfor Tyskland. Med sine 66 vindturbinar gir havvindparken grøn energi til om lag ein halv million husstandar.

På prøveturen til skipet vart alle system testa, inkludert hybridsystemet. Havvind er ei fornybar energikjelde, og ved å introdusere eit hybridsystem på eit slikt fartøy vil drivstofforbruket og utsleppa bli reduserte - og dermed vert service- og vedlikehaldsoppdraga meir berekraftige. Det skriv Ulstein i pressemeldinga.

Fartøyet er basert på Ulstein SX195-designen frå Ulstein Design & Solutions AS. Det er 93,4 meter langt og 18 meter breitt - og er innreidd for 120 personar. Fartøyet er utstyrt med eit tårn med personell- og utstyrsheis og ei hivkompensert gangbru for sikker overgang til vindturbinane for å yte vedlikehald og service. I tillegg til å operere med baugen mot veret kan dette skipet også gå akterover med hekken fremst når det er i arbeid inne på vindfarmen.

Skipet skulle eigentleg leverast frå verftet i løpet av mars månad - men på grunn av koronapandemien, skjedde ikkje det.