Barents Solutions har levert bløggelinje til Florø-reiarlag

Ulsteinvik-baserte Barents Solutions AS har bygd og levert ei rustfri bløggelinje til ein fiskeoppdrettsbåt eigd av eit reiarlag i Florø.  Foto: Barents Solutions.

Næringsliv

Ulsteinvik-baserte Barents Solutions AS har bygd og levert ei rustfri bløggelinje til ein fiskeoppdrettsbåt eigd av eit reiarlag i Florø. Det melder selskapet til Vikebladet Vestposten.

– Bløggelinja, som vert kalla eit «Stun & Bleed»-anlegg, gjer at oppdrettaren kan slakte ut laks i mindre kvanta, gjerne i samanheng med ein avlusingsprosess. Dette er god økonomi for oppdrettaren og bra for miljøet. Anlegget består av ein bløggekontainer, ein teknisk kontainer og to lagringstankar, seier Harald Bigset, dagleg leiar i Barents Solutions.

Han fortel vidare at det har blitt bygd nokre få liknande anlegg tidlegare - og at etterspurnaden etter denne løysinga er stor.

- Anlegget inneheld mellom anna ein eigen dieselgenerator, eit RSW-anlegg, eit ozoneringssystem, eit UV-system for desinfisering av vatn, eit automatisk tankvaskesystem og automatiske bløggemaskiner. Mange er interesserte i dette anlegget og vi håper å få selje fleire i næraste framtid, seier Bigset.

Laga med syrefast materiale

Han fortel at heile anlegget i all hovudsak er laga med syrefast materiale.

– I tillegg er det laga slik at ein raskt kan montere og demontere det på båten - med båten sine eigne kraner. Slik får reiaren god utnytting av fartøyet dersom det i periodar ikkje skal nyttast til «Stun & Bleed»-oppgåver. På om lag ein halv dag kan ein mobilisere eller demobilisere anlegget av båten, seier Harald Bigset.

Som også seier at det har vore ekstra utfordrande under koronakrisa.

- Produksjon og logistikk har over lang tid omtrent stått stille. Likevel greidde vi å levere anlegget tidlegare enn avtalt, avsluttar han.