Tilsette går på jobb som vanleg, men bur seg på konkurs

– Det er inga løysing. Og til lenger det går til verre blir det, seier hovudtillitsvald ved Kleven, Olav Høydalsvik.

Hovudtillitsvald ved Kleven Verft, Olav Høydalsvik.  Foto: Anne-Mari Tomasgard/Sunnmørsposten.

Næringsliv

(Sunnmørsposten): Olav Høydalsvik har vore med på styremøte ved Kleven verft tysdag føremiddag, der den kroatiske verftseigaren deltok. Ifølgje Høydalsvik kom det ikkje fram noko nytt og avklarande i møtet.