Tysdag er Debeljak på plass ved Kleven Verft - var nyleg på verftet av same årsak

Tomislav Debeljak, eigar av kroatiske DIV Group - var tidlegare i år ved verftet for å møte pressa etter overtakinga.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll/Arkiv.

Næringsliv

Tomislav Debeljak, eigar og toppleiar i kroatiske DIV Group, som eig Kleven Verft, er tysdag på plass på skipsverftet for å sjølv ta tak i forhandlingane - der ein vil prøve å finne fram til ei løysing på den fastlåste situasjonen - som i verste fall kan føre til ein konkurs. Debeljak er no også fungerande verftsdirektør - etter at Kjetil Bollestad sa opp.