Sparebank 1 SMN:

Vil ikkje kommentere stikket frå Kleven Verft-eigaren

Skroget til plattformforsyningsskipet som eigentleg skulle heite Fafnir Viking, ligg ved Kleven Verft for å byggjast om til eit skip som skal i arbeid for kanadiske Atlantic Towing Ltd. Det er dette prosjektet - som Kleven Verft tok over frå Havyard, som har skapt mykje hovudbry for DIV Group - ifølgje eigar Tomislav Debeljak. Dette bildet er frå i vinter.  Foto: Arkiv/Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Ifølgje DIV Group-eigar Tomislav Debeljak er det Sparebank 1 SMN, Midt-Norge sitt leiande finanskonsern, som sit med forhandlingskorta på eine sida i saka mellom verftet og långjevarane.