Ikkje avklaring for Kleven Verft onsdag likevel - konkurs blir nemnt som eit reelt alternativ om ikkje bankane snur

DIV Group og Tomislav Debeljak (bildet) vil truleg halde styremøte torsdag formiddag i staden, og jobbar på spreng for å finne ei løysing på krisa rundt Kleven Verft.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Då Tomislav Debeljak, eigar av kroatiske DIV Group - som igjen eig Kleven Verft - møtte pressa tysdag, hinta han om at det kunne gå mot ei løysing på krisa onsdag. I alle fall ei løysing valt av styret i Kleven Verft. Men - om ei eventuell løysing ville ha effekt frå og med onsdag kunne han ikkje svare på konkret.



Spørsmåla er mange frå dei som står på utsida - og det ser ut til å dreie seg om ein kamp mellom Sparebank 1 SMN og dei to andre långjevarane som har terminert sine avtalar, på eine sida - og DIV Group på den andre.

Debeljak fortalde også at styret i Kleven Verft AS skulle ha eit nytt møte onsdag - der det forhåpentlegvis blei gjort ei avgjersle som får verftet ut av krisa det er inne i no.

Ikkje styremøte likevel - hintar om oppbod

Men - onsdag ettermiddag sende pressetalsmann Johan Wilskow ut ein mail til media, der han fortel at det ikkje blir styremøte onsdag likevel. Truleg blir det eit styremøte torsdag formiddag i staden. I same melding kom han også med uroande informasjon.

- Som vi sa i går så håpa DIV Group å fatte ei avgjerd i løpet av dagen, men det ser ikkje ut til at det vil skje. Det blir jobba vidare med å sjå om det finst løysingar for å unngå konkurs. Men det er klart at dersom ikkje bankane endrar på si avgjerd om å opne opp att kontoane til Kleven Verft, så er det ikkje noko anna alternativ enn å begjære oppbod, skriv Wilskow.




Tilsette går på jobb som vanleg, men bur seg på konkurs

– Det er inga løysing. Og til lenger det går til verre blir det, seier hovudtillitsvald ved Kleven, Olav Høydalsvik.







Krisa i Kleven

240 har ikkje fått løn og feriepengar

Dei 240 utanlandske arbeidarane i Kleven Maritime Contracting AS har ikkje fått løn eller feriepengar som følgje av den fastlåste situasjonen i Kleven.