Åge Remøy og fleire andre avviser interesse: - Ikkje aktuelt for oss, vi har nok PSV'ar frå før

Åge Remøy, styreleiar i Rem Offshore.  Foto: Arkiv.

Næringsliv

Etter at kanadiske Atlantic Towing Ltd. trekte seg frå kontrakten med verftet om å ferdigstille eit plattformforsyningsskip - i kjølvatnet av konkursen i Kleven Verft-selskapa, har det som kjent kome inn ein ny eigar av verftet i Agder-baserte Green Yard Group. Sistnemnde prøver no i tett samarbeid med verftsdirektør Kjetil Bollestad og dei andre rundt han ved Green Yard Kleven, å selje fartøyet til ein ny aktør. Målet er å få ferdigstilt fartøyet ved verftet, slik at mange arbeidsplassar kan sikrast.