Raymond Knotten lanserer sitt eige knivmerke - KnivR:

- Eg satsar på lidenskapen min

I lengre tid har stuerten irritert seg over at mange av knivane som blir selde i dag er av heller dårleg kvalitet. Difor lanserer han no sitt eige merke.

Den Ulsteinvik-busette larsnesingen Raymond Knotten har lansert sitt eige knivmerke - KnivR.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Larsnesingen, som no er busett i Ulsteinvik, har i grunnen alltid vore fascinert av alle aspekt rundt matlaging. Sidan Raymond var 12 år gammal har mat vore hans store lidenskap, fortel han.