Ein epoke er over - men Gunvor Ulstein blir framleis synleg i drifta av familiekonsernet: - Dette opnar nye dører

Påtroppande og avtroppande konsernsjef: Gunvor Ulstein går av som konsernsjef i Ulstein Group, etter nesten 22 år. Her står ho saman med finansdirektør Cathrine Kristiseter Marti, som frå og med 2. november tek over som konsernsjef.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv


Tysdag blei det kjent at Gunvor Ulstein går av som konsernsjef i Ulstein Group - ei stilling ho har hatt i nesten 22 år. Ei nyheit som nok kom ganske overraskande på mange - då broren Tore for berre litt over ein månad sidan offentleggjorde at han trekk seg frå oppgåva som visekonsernsjef i Ulstein Group.