Her kjem det endeleg meir arbeid til Green Yard Kleven

Tysdag kom lekteren "BoaBarge 33" tilbake til Green Yard Kleven. Lekteren, som blei levert frå verftet i april etter ombygging, skal få ytterlegare arbeid gjort ved Green Yard Kleven.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Tysdag kom to av Boa Barges sine slepebåtar inn Lyngnesvika med ein av lekterane til selskapet, "Boabarge 33" - som blei bygd om ved dåverande Kleven Verft og levert derifrå i april i år. Lekteren skulle så transportast til kysten av Dakar i Vest-Afrika - der «Boabarge 33» skulle nyttast til å plassere ut i alt 21 store betongelement, på 16.000 tonn per element, som skal danne ein bølgjebrytar som er under oppføring.