Ap-leiaren møtte representantar frå den maritime næringa: - Forsvinn dette, så er det ikkje berre å skru på igjen brytaren

Atle Strandebø (t.h.), som tidlegare har uttalt seg i Vikebladet Vestposten rundt krisa i den maritime næringa - var også blant dei som fekk seie sitt til Arbeidarparti-leiar Jonas Gahr Støre.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Jonas Gahr Støre er ein travel partileiar for Arbeidarpartiet, men tok seg tid til ein heil dag på Sunnmøre - for å møte representantar for den maritime næringa. Han starta med verftsbesøk i Brattvåg, før han reiste heim til Rune Erik Nilsen på Dimnøya. Han er tillitsvald i NITO og elektroingeniør, og er delvis permittert frå stillinga si i Ulstein Design & Solutions.