Meir arbeid for Green Yard Kleven

MS Vesterålen kjem til Green Yard Kleven for ei ombygging. Arbeidet skal ta til i veke 43. Foto: Maggie Strutt/Hurtigruten.  

Næringsliv

Hurtigruteskipet MS Vesterålen kjem til Green Yard Kleven for ei ombygging. Det går fram av ei pressemelding frå verftet. Arbeidet på skipet skal etter planen starte opp allereie neste veke.