Arbeidsløysa i Hareid og Ulstein går nedover – mange har funne nytt arbeid:

– Vi må halde på optimismen

Etter å ha jobba direkte med konsekvensane av koronakrisa og Kleven Verft-konkursen har fungerande NAV-leiar Lisbeth Brandal framleis stor tru på lysare tider for regionen framover.

Positiv: Fungerande leiar for NAV Hareid – Ulstein – Sande, Lisbeth Brandal (bildet), fortel at arbeidsløysa framleis er høg i Hareid og Ulstein, men at mange har funne seg nye jobbar.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Koronapandemien har råka stort sett alle delar av lokalsamfunnet, på eitt eller anna vis. Eitt av dei synlege bevisa på konsekvensane av den i vår region var at arbeidsløysa nærmast over natta fauk til vêrs. Spesielt etter at statsminister Erna Solberg og regjeringa innførte dei strengaste tiltaka sidan andre verdskrig 12. mars.