– har lansert ny nettside:

– Vi har skapt noko unikt saman

Sjølv om samarbeidet mellom dei to lokale aktørane tok til før koronapandemien kom, har covid-19-situasjonen påskunda og aktualisert nettløysinga Libra-Plast AS no har fått på plass.

Lokalt Digitalt samarbeid: Kim Lillebø, marknadssjef i Libra-Plast AS, held her fram mobilen sin – der han har oppe Hareids-verksemda si nye nettside. Den er det mannen som står ved sidan av han, Marius Ertesvåg – grafisk designar i Fantastiske Osberget – som har skapt. Samarbeidet mellom dei to lokale aktørane har resultert i ei nettløysing som mellom anna gjer at Libra har fått ein meir dynamisk kommunikasjon med kundane sine. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. 

Det har handla om å kommunisere med kundane våre på deira premissar, og i størst mogleg grad legge til rette for at dei skal vere sjølvhjelpte

Kim Lillebø, marknadssjef i Libra-Plast AS
Næringsliv

– Det heile byrja i fjor, med at vi følte tida var moden for å modernisere nettsida vår. Noko ein bør gjere med jamne mellomrom, for å ikkje dette for langt bak, seier Kim Lillebø, marknadssjef i Hareids-verksemda Libra-Plast AS.