Rekordår for Libra-Plast AS i 2019 – gjer det skarpt også i 2020:

Rekordhøg ordrereserve

Libra-Plast AS hadde rundt 170 millionar kroner i omsetning i 2019, noko som var ny rekord for Hareids-verksemda. Eit koronaprega 2020 ser også ut til å ende med gode tal.

På Nor-Shipping: Dette er eit bilde som ikkje er tatt i koronaprega 2020, men i 2019 – då Libra-Plast AS var med på tradisjonsrike Nor-Shipping. Akkurat dette arrangementet finn berre stad annakvart år – men mange andre messer rundt omkring i verda har blitt avlyst i år – som følgje av koronapandemien. Ein skulle kanskje tru at Libra-Plast AS si daglege drift også ville blitt råka hardt på grunn av pandemien, men Hareids-verksemda har klart seg godt trass i situasjonen. Foto: Libra-Plast AS. 

Ein båt er ein båt – og alle båtar treng dører og luker

Kim Lillebø, marknadssjef i Libra-Plast AS
Næringsliv

– Vi har aldri produsert og levert så mange einingar som vi gjorde i fjor, seier marknadssjef i Libra-Plast AS, Kim Lillebø.