Fjord1 auka inntektene - fullførte flåtefornyingsprogram

MF «Hadarøy» - ei av ferjene som trafikkerer det Fjord1-drifta sambandet Hareid - Sulesund.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll/Arkiv.

Næringsliv

789 millionar kroner omsette Fjord1 for i tredje kvartal. Ein auke på 12 prosent i høve same perioden i 2019. Dette skuldast dei nye kontraktane som starta opp 1. januar. Det skreiv Fjord1 i ei pressemelding torsdag.