Hareid Group må finne ny konsernsjef

Karsten Sævik fråtrer stillinga som konsernsjef i Hareid Group. Det skriv selskapet i ei pressemelding.  

Næringsliv

I ei pressemelding frå Hareid Group går det fram at Karsten Sævik har bestemt seg for å tre av som konsernsjef. Sævik kom inn i stillinga 1. oktober 2019 og har dermed vore konsernsjef i Hareid Group i eitt år. Hareid Group startar umiddelbart arbeidet med å finne ein erstattar frå Sævik, skriv Hareid Group i pressemeldinga.