Kristian frå Ulsteinvik skal leie Havyard si hydrogen-satsing

Ulsteinvikaren Kristian Osnes blir dagleg leiar for Havyard Hydrogen AS.  Foto: Havyard.

Næringsliv

Havyard sitt komplette hydrogensystem for skip er klart alt i 2021, og konsernet startar difor no eit eige selskap for å møte etterspurnaden frå marknaden etter løysinga - som gjer at også større skip kan segle lengre avstandar med nullutslepp. Og - det selskapet er det ulsteinvikaren Kristian Osnes som skal leie. Det skriv Havyard i ei pressemelding torsdag.