Butikkane i Hareid ønsker velkomen til ein trygg og god – og helst meir spreidd – handel:

– Ta julehandelen lokalt

Med helsehuskrysset opna for trafikk og ei god mengd julevarer på plass i butikkhyllene er handelsstanden på Hareid klare for både Black Week og den vidare julehandelen. Sjølvsagt med stort fokus på smittevern.

Ønsker velkomen til Hareid: Eit knippe representantar frå handelsstanden i Hareid møtte lokalavisa. Frå venstre ser ein Silje Bøe (Eurospar Hareid), Idar Flø (Hareid Næringsforum), Johs Christian Riise (T. Riise), Becky Nouelle Evensen-Hansen (Art frisør), Julie Sundgot Andersen (Vekst i Hareid), Stine Nerland (Bademiljø Hareid Rør & Interiør), Erling Hareide (Sportssenteret – Sport1) og Trine Johnsen (Floriss). Dei står like i front av det nyleg gjenopna krysset ved det nye helsehuset.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

– Det er viktigare no enn nokosinne før at den lokale befolkninga er sitt ansvar bevisst. Det er særs viktig at folk både i Hareid og regionen elles er med på å styrke den lokale handelen, seier Idar Flø, leiar i Hareid Næringsforum.