Skin Tonic og andre lokale verksemder gjer alt for å gjere kundeopplevinga best mogleg:

– Vi gler oss veldig

Dei tilsette ved Skin Tonic på Blåhuset i Ulsteinvik er klare for den vidare julehandelen – og sjølv om den blir noko spesiell i år – er dei ved godt mot.

Positiv gjeng: Frå venstre ser ein Maya Iselin Holstad, drivar og eigar Siri Waage Pilskog, Sheila Gåsø og Mariann Hovlid. Gjengen ved Skin Tonic på Blåhuset i Ulsteinvik ser fram til ein vidare triveleg julehandel – og håper at dei handlande følgjer gjeldande smittevernreglar. – Vi har lagt så godt til rette som vi kan, og håper alle får ein trygg og god inngang til jula, seier Siri Waage Pilskog til Vikebladet Vestposten.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Det er ikkje til å leggje skjul på at det har blitt eit ganske annleis år no i 2020

Siri Waage Pilskog, eigar og drivar av Skin Tonic på Blåhuset
Næringsliv

Som dei andre lokale verksemdene, både i Ulstein og Hareid – har Skin Tonic på Blåhuset stort fokus på smittevern.