Planlegg produksjon av biogass i Mexico

- Dette kan vere ein døropnar for oss

Sargasso-tang er eit stort miljøproblen i Karibia. Planen er å omdanne tanga til karbonnøytral biogass og proteinmasse. Til dette vil Ultramar Energy Ltd. bruke teknologien utvikla av norske Hyperthermics AS  Foto: Hyperthermics

Næringsliv

- Dette er ein svært viktig avtale for oss, seier Erlend Haugsbø, dagleg leiar i Hyperthermics AS. Det Ulsteinvik-baserte selskapet er no klare for eit finanssamarbeid med Ultramar Energy Ltd i London.