Søknadsfristen for TEFT-stipendet nærmar seg:

– Vi vil ha fleire søkjarar frå Hareid

Ønsker fleire søkjarar frå Hareid: Melinda Skeide (t.v.) og Ellen Kvalsund, banksjefane for personmarknaden ved høvesvis Hareid- og Ulsteinvik-avdelinga til Sparebanken Møre – flankerer her Ola Kalvø Vattøy, som er dagleg leiar i Hareid IL. Trioen, som var samla til ein prat med lokalavisa i den nye Hadarhallen, er einige om at det må kome fleire søknadar om lokalbanken sitt TEFT-stipend frå Hareid. – Det manglar ikkje talent i Hareid. Det handlar meir om det å tore å søkje, seier Ola Kalvø Vattøy.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

15. februar er fristen for å søkje på TEFT-stipendet til Sparebanken Møre. i den samanhengen ønsker banksjefane for Sparebanken Møre sine avdelingar i Ulstein og Hareid seg fleire søkjarar frå dei to kommunane. Og – spesielt frå Hareid.